Tuesday, May 22, 2007

17.mai i Newcastle

Det var rart å vakne på 17.mai og møte ein heilt vanleg dag! Hallo, det er 17.mai!! Men på kvelden, etter arbeidstid og skuletid, var det klart for feiring i Gosforth, nesten der vi bor. Då vart det gåing i tog, sammen med andre meir eller mindre norske folk, pynta og fine! Tilogmed ein bunad eller tre:) Toget gikk til pøbben (vi er tross alt i England), som var pynta med flagg og greier! Der var det pølser med brød/lompe og Idun Ketchup, vafler med brunost og kaker. Og siden det faktisk var varmt kunne vi sitte ute heile kvelden, bli bedre kjent med andre nordmenn, og fortelle dei stakkars engelske om våre rare matvana og tvinge dei til å smake brunost!:) Synging vart det også, både Ja,vi elsker, og Norge i rødt, hvitt og blått.

"Vorhen do gor ee lee org fyell airn vinterdag, airn sommerkveld, vair fjord og fosservell
fra eng org moh mair foorootrair, fra havets breen mair fiskervair org till dee veeter sheair,murter do lanne ee traifarvet drakt, sveupt ee airt hyennshin av flaggets farverprakt."
osv...

=tekst for dei engelske (som heller ikkje kunne melodien:)), men var sikkert meir underholdning for oss vaskeekte nordmenn...




Sunday, May 13, 2007

Ukulele!

Høyrest ut som et skjellsord sant? Eller eit tulleord... Og det er ein merkelig ting også da: ein bitteliten gitar! Og i går kveld, etter å ha vore på ein dagstur med Int.Soc nordover, med masse trasking og masse bildetaking, som varte til klokka 7, så klarte eg å overtale Kristian til å bli med meg å møte nokren dansefolk som skulle på ukulele-"ting"! Gjengen hadde vore på Metro-pubcrawl (ta metroen ein stopp, gå på bar, drikke ein drink, ta metroen litt til, gå på bar, osv...) sidan klokka 11 på dagen, det var ein avskjed til Helen som skal reise til Irland, og siste stopp var altså ein liten, veldig lokal, shabby pub i eit Newcastle utkantstrøk, der Julie, ei av "dansefolka", skulle spele ukulele på kvelden. Og dit kom eg og Kristian. Det må eg sei var rimeleg spesielt. Ein haug med folk, i ei andre-etasje på ein pub, med masse folk i alle aldre og ei gruppe på over 20 folk som spelte ukulele. Og ein tjukk mann med ei fantastisk stemme! Å masse gamle sanger som ein kun kan refrenget på!!:) Trur faktisk av alt eg hadde sett den dagen så var det nok den rare kvelden eg kjem til å hugse best! Trass i , eller kanskje på grunn av, at eg sjølvsagt ikkje hadde med kamera...

Thursday, May 10, 2007

Nå har vi vaska

-studentbeviset, og vi har vaska metrokort... Skulle vaske kle i dag eg, og vaska visst samtidig mine to viktigste papir her borte... Men engelskmenn er tydelig smarte(...) for dei har faktisk "plastifisert" (ja, det er eit ord ja, kremt) metrokorta sine!! So det gikk bra!! Å satsa på at studentbeviset ikkje har tatt skade heller, det trengte no uansett ein vask etter flittig bruk;) Det aller beste var egentlig å sjå Kristian sitt "hva var det jeg sa" uttrykk... Hehe, kanskje eg lærer av mine feil? Eller kanskje ikkje...

Ellers har eg ein heller kranglete nakke for tida etter å ha sove oppned, eller gjort noko anna akrobatisk medan eg sov natt til tirsdag. Den har vorte veldig stiv. Og eg som liksom skulle bruke mykje tid foran PC-en på oppgava mi har fått gjort heller lite. Men verte nok betre i morgon!!

Eg har faktisk vore flink og søkt på jobba i Trondheim! Heile 10stk! Å sjølv om eg ikkje har så stor tru akkurat så hadde det vore fint med ein liten fast jobb, trenge ikkje 100%;) Tida vil vise, litt spennande er det iallfall!