Wednesday, December 13, 2006

Snart no...

skal eg heimatt til Sunnmøre!! Mamma og Pappa og store mengder mat ventar på meg, DET blir bra det! I det siste har heimlengselen sneke seg inn her og der, tek meg stadig i å tenke på kor kjekt det skal verte!
Ting eg gledar meg til:
Reint vatn i springen!
Dusj med trykk! (Har ikkje hatt reint hår sida eg flytta hit, og det er ikkje fordi eg ikkje har prøvd!)
Stereoanlegget mitt!! ahhh...
FARRIS!
Melkesjokolade
Grovt brød!
Varmt og kaldt vatn ut frå samme kran!
Morgenkåpe!!! :)

Men heldivis kjem det snart hyggelege nordmenn på besøk!
DET GLEDA EG MEG MEST TIL!

Wednesday, December 06, 2006

Hullo!

Onsdag er ein fin dag, vanlegvis! Kom meg seint til sengs i går, og då klokka ringte i dag var eg rask å slå den av, og straks var eg tilbake til drømmeverda under den varme dyna mi. MEN plutselig "KNOCK KNOCK" på døra!! I halvørska og full akkurat-våkna-forvirring gikk tusen rare tankar rundt i govudet mitt: Har eg forsove meg? Er det ein draum? Skal eg berre liks eg ikkje er heime? Er det lisensmannen? Har Kristian alt komt heim? er klokka så mykje? KVA SKJER?! Eg trykte ut eit halvhjerta "yes?" og fikk eit "hullo!" som svar... Og då var det berre å hoppe i kleda og opne døra til den litt skumle vaktmesteren som eg aldri forstår kva seier. Med håret til alle kantar og veldig smale auge fekk eg med meg at han skulle sjekke dusjen, igjen... Men min teori er at han likar å vekke ein uskyldig student på fri-onsdagen sin! Skal han sjekke dusjen så gjer han det på ein onsdag, skal han sjekke brannalarmen så er det på ein onsdag... Slemming.. Men då eg spurte om han syntes det var gøy å vekke studentar slik fekk eg ikkje noko svar, bære litt humring og eit "there, now you can go back to bed!" Ja, særlig...

Tuesday, December 05, 2006

Julestemning!

Ja, faktisk!! For i dag var vi på studentgudstjeneste. Der var det masse julesongar, alle hadde levande lys OG vi fekk mincepies (VELDIG stort her borte!) og rødvin (som følge med)etterpå! Kjekt med litt julefølelse ja!

Friday, December 01, 2006

Bra dag, fredag, faktisk-studert-dag, kalenderdag, desemberdag, dagen-etter-glow dag, BRA DAG!

Og alt det her på ein gong! Rett og slett ein bra dag. Ein veldig fin pakke kom ramlande frå Sveits! Den hadde ligge i resepsjonen lenge utan å seie frå, men i dag kom den til rette! Og dermed kunne Kristian banke på døra mi kjempetidlig (i mine auge) med ein stor pakke med ein fiiine kalendar! Gleder meg til resten rett og slett!! For i dag er det 1.desember, og det er framleis 23 pakkar igjen! Blir bra start på dagane framover det!

Og dermed kom eg meg faktisk på skulen i rimelig tid! Etter å ha ordna ting eg skulle ha ordna lenge, levert ein sekk, OG kjøpt ei julegave var eg på biblioteket kl.11! Ganske tidleg på ein fredag for meg det når eg eigentleg har fri, OG sida eg er eit utprega nattedyr (i tilfelle nokon ikkje visste det...)! Og når eg faktisk i tillegg satt der til nesten 5 så føler eg at eg har fortjent ein frikveld no i kveld:)OG ein tur til Durham i morgon (Durham er ein veldig fin liten by!)!!

Men det eg eigentleg skulle fortelle om er GLOW! For tida er det Winter Festival i Newcastle! Og blant anna har dei eit opplegg som heiter GLOW!
Det er ei "lysløype" i byen, dei har laga ei rute der dei langsmed har lyst opp mange hus, underganger, bruer osv. i fleire fargar, og der dei i tillegg har plassert ymse kunstneriske greier/"uttrykk"... Det var kjempekult! Og opptil fleire gongar fant vi vegar som gjorde at vi sa "åh, er vi her no!" Og i tillegg skulle vi finne varulvkaniner! Dei var overalt! OG vi fekk ROSA glowstick!!;)