I dag er det mandag, har skikkelig mandagsfølelse, alt som eg bør gjere ligg tungt på skuldrane. I tillegg har eg brukt dagen til noko så unyttig som å sove. Heilt til kl 12 faktisk. Nesten 12 timars søvn. Å likevel var augene svært så smale då eg spiste frokostlunsjmiddag (frokost -sidan det var dagens fyrste måltid, lunsj -sidan det var i lunsj-tider, middag -sidan det er ganske kraftige lunsjporsjona her borte) saman med Kristian i 13-tida...
Grunnen til det her er nok turen til Glasgow i helga!! Hadde svært få forhåpningar på førehand, i og med at alle mine nettsøk etter interessante ting å finne på i Glasgow ga dårlig resultat. Men trass i dette så var det eigentleg ei strålande helg! Nåkre nedturar sånn som dårlig vær på laurdag, og ikkje minst at eg ikkje fikk sjå det eine bilete som eg hadde gleda meg til å sjå, var det sjølvsagt, men for det meste var det veldig bra! Fantastisk å unngå slitsomme skuletanka! Kjekt å ikkje lage middag! Og ikkje minst kjekt å sjå litt andre ting! Blant anna tok vi turen til Falkirk for å sjå på Falkirk Wheel, ei slags heis for kanalbåtar frå ein kanal til ein anna. Der "blenda" vi inn me pensjonistane som lo av alt guiden sa... Kjekt! I tillegg var vi på besøk på eit skip som bor i Glasgow, var på opptil fleire museum og utstillingar, og rakk litt shopping på toppen av det heile. Nattelivet såg vi nok lite av, då etter dagens springing var det egentlig ikkje så veldig fristande... Vi var nok meir opptatt av ein middag, gjerne med påfølgande dessert (har ete verdens beste sjokoladekake!!!), og litt "slæpp off" tid foran TV-en. TV-kikking har som kjent vorte luksus for oss no...
MEN no er det tilbake til kvardagen, heldigvis har eg besøk å sjå fram til i desember!!
Monday, November 27, 2006
Friday, November 17, 2006
Tuesday, November 14, 2006
Besøk i Newcastle!

Jess, då har vi hatt vårt første besøk! Liv og Tørres kom på besøk frå torsdag til søndag. Det var kjempehyggelig! Vi har "sightseeinga" (eit heilt vanleg ord det der), og "turistert" (det også) oss heile helga! Gode greier! Bra med besøk, for då kjem vi oss faktisk litt rundt i byen og får sett litt forskjellig som vi aldri eigentleg gjer ellers! Ikkje dumt. I tillegg hadde dei også med Freia melkesjokolade og G35 brunost, og då vart det iallfall strålande!! I følge oste-eksperten Georgine (den franske jenta som bur her) var ikkje det der ost. Jaja, går greit å ikkje dele!
Tuesday, November 07, 2006
Guy Fawkes Night

På søndag var det Guy Fawkes night!! Ett eller anna med "gunpowder" og parlament, spennande ikkje sant? Men for meg innebar det egentlig en tur opp på en aldri såliten "hill", saman med ein god gjeng med folk. Der kosa vi oss med god utsikt over fyrverkeriet som vart skutt opp sånn ca. heile kvelden og en sjokoladebit eller to. Om det vart nåkren bra bilde av fyrverkeriet er vell heller tvilsomt, men tida vil vise!! (jupp, eg har framleis gleda av å vente på å framkalle bilde eg!! Alltid like gøy.)
Remember, Remember the fifth of November... For spesielt interesserte er det mulig å sjekke ut http://www.bonefire.org/guy/
Monday, October 30, 2006
Tur til Hadrian's Wall
I går hadde vi ein fantastisk tur til Hadrian's Wall! Etter ein busstur i stor fart på smale vegar (ville bussjåførar i dette landet) langs muren, kom vi til vår startdestinasjon, og snart hadde vi nasa vendt i retning Newcastle igjen. Turen var på ca 3 miles, vi kunne nok gått lenger, men med strålande solskinn gikk tida rasande fort med tonnevis av bildetaking og ein god lunsj på ein topp med flott utsikt. Viktigviktig. Målet for turen var Housestead Roman Fort, der restane etter eit fort er godt bevart. Der bestemte også sola seg for å gå ned, og det føltes akkurat rett med ein kopp varm kakao medan vi venta på bussen heim.
Høgdepunktet på turen var utan tvil Kevin Costner/Robin Hood-treet! Dette er treet der Kevin Costner satt i i Robin Hood-filmen! Det vart ein del "Kevin"-snakk i løpet av turen, og no må nok dei fleste av oss sjå filmen igjen kun for å kunne seie: der har eg vore! Alltid gøy.

Gjengen under det O STORE-treet!
(Ali, Cathrin, Verena, Mathias, Beathe, Kristian og Alex)
Høgdepunktet på turen var utan tvil Kevin Costner/Robin Hood-treet! Dette er treet der Kevin Costner satt i i Robin Hood-filmen! Det vart ein del "Kevin"-snakk i løpet av turen, og no må nok dei fleste av oss sjå filmen igjen kun for å kunne seie: der har eg vore! Alltid gøy.

Gjengen under det O STORE-treet!
(Ali, Cathrin, Verena, Mathias, Beathe, Kristian og Alex)
Friday, October 27, 2006
Angry Fruit
Her borte i potetgull-land, der alle folk alletide går rundt me små posa potetgull, so he ej endeli funne min favoritt!! Angry Fruit!! E also potetgull me mango å Chilli-smak!! Genialt eller!?!
Tuesday, October 24, 2006
Live i Newcastle upon Tyne

Ditte e frykteli rart, på en måte føles det ut som ej e i Norge, ikkje so forskjell å bo i Newcastle egentli! På den andre sida føles det ut som ej e på konstant ferie! Alt e no so rart! Å engelskmenn e det ikkje lett å forstå sej på... He heldivis møtt nåkken hyggelige folk! Her ett bilde frå en "pubcrawl" me International Society som vi va på her en gong...
Vi bor på en studentby litt utafor sjølve byen, det e egentli veldi greit, nærmaste metrostajon e 5 minutt å gå, å den går no rett til skule å sentrum... Ikkje verst! Dele kjøkken me Kristian, ei fransk jente, ei japansk jente å en fyr frå Birmingham, går overraskande bra!
Til no he vi prøvt å få reist litt rundt, he vore i York, i Durham, på en biltur litt oppover kystei er å i Edinburgh, kan hende ej kan makke mej til å få lagt ut nåkren bilde ta det ettekvart!
Subscribe to:
Posts (Atom)
