Monday, February 19, 2007

Banana Bread Beer and Hedgehog!

-det er mine store opplevingar i helga. Banana Bread Beer! Jupp, dersom du tenke ”huhh, bananøl??” så tenke du akkurat det same som vi gjorde då vi kjøpte det, men det hindra oss ikkje i å ha store forhåpningar då vi på fredag kveld, etter å ha vore og sett på TapDogs på Theatre Royal og ein liten tur på bar, bestemte oss for å smake. Det beste var at det faktisk smaka banan OG øl! Og, dette trudde eg aldri eg skulle sei, bananøl var veldig godt!!

Vidare på vår kulinariske reise i helga smakte vi ”hedgehog” (pinnsvin) for fyrste gong! På handletur på ASDA visste det seg at det var kamp om å få tak i dei nedprisa hedgehog-ane, og Beathe, med sine spisse olboga, kom seirande ut. Vel heime laga vi god lasagne med hedgehog og salat. MMMMmmmMM… Det anbefala eg til alle!!

Ps 1: Då eg allereie no kan føle eit veksande sinne blant eventuelle naturvernarar og andre dyreglade så bør eg vell legge til at hedgehog er ein type loff, ein veldig veldig god loff faktisk, som med litt fantasi kan sjå ut som eit pinnsvin... Den fyrste loffen eg har kjøpt her borte i loffeland faktisk! Men det blir ikkje den siste... SÅNN, då vart ting bedre, ikkje sant?

Ps 2: Jupp, Banana Bread Beer er laga av Fair Trade Bananas, så ta det HEILT med ro:)

Det var mine store kulinariske opplevingar i helga. Søndagen brukte vi berre til å springe etter ein drage i Chinatown, men med godt selskap så var det eigentleg ein hyggelig aktivitet:)

Så godt nyttår alle sammen!!

Tuesday, February 13, 2007

Dramatikk i England...

Det er med stor glede eg kan fortelle dykk at "Shetlandskaramelle" (Quality Street for dei uinnvidde) har fått eit nytt medlem! Det nye medlemmet består av rein sjokolade, og står dermed i fare for a kollidere med både mine og Kristian sine interesser. Då eg foretrekker sjokolade av alle slag, men overlater karamellene til Kristian, og Kristian et alt utenom det som har rart innhold som nøtter, kokos og marsipan, har delinga av Shertlandskaramelle, og liknande, gått veldig bra til no, men det ser ut som vi kan kome til å krangle mykje i framtida. Vern om dine favorittbiter!

Thursday, February 08, 2007

Påan ijæn...

Semester 2 er godt i gang, ein million nye bøker er lånt frå biblioteket, og eg har faktisk lest EI heile bok! (ok da, ikkje så veldig store eigentlig) Veldi bra start synes eg. Har ein veldig morsom forelesar og ei skikkelig heks, men trur eigentlig at det skal gå bra... Problemet er berre at eg skal ha eksamen! TRE FAKTISK! Og som de kanskje veit så har eg for det meste hatt oppgåver, ganske lenge sidan siste eksamen, så eg har allereie eksamensnerver... Oops... Ikkje bra... MEN så lenge eg (og Kristian) ikkje har eksamen den siste dagen i eksamensperioda så skal alt gå bra, for vi har bestilt billettar heim den dagen... Så håper at eksamenane kjem tidleg slik at vi får tid til å pakke og sånn uten for mykje stress!

Litt rart å snakke om at vi skal reise, men no faktisk så følest det ut som om året er over! Mange har allereie reist, og det er veldig trist... Men det er nok også fordi ting går slag i slag framover! Mange planar og masse besøk som vi gledar oss til! Oi, må vell berre kome igang med å nyte det!