Saturday, March 24, 2007

Svisj, whæm, bæng!

OG SÅ var det på tide å reise! Denne siste veka har vore ei sånn veke som vare ei evigheit, men som går kjempefort! Etter feiringa på laurdag vart det ein heller slapp dag på søndag, men på mandag var det liv igjen! Då var eg på Faithless konsert!! Kanskje ikkje det som vert assosiert med meg, men ikkje dumt å utvide horisonten litt! Var iallfall veldig gøy! Irsk folkedans på tirsdag, og på onsdag var det ut saman med International Society som vanlig. Torsdag var det siste innspurt med oppgave som vart levert inn fredag (i dag. Evt. i går.... Uansett: PÅSKEFERIE). Og no etter (endå) ein avskjedsfest sit eg her sånn ca. ferdigpakka og skal reise med tog til London om nokren tima(om 6 tima bør eg vere på toget). Veldi uvirkeleg! Har ikkje fått planlagt nokon ting! Heldigvis skal vi bo hos Jeanette, heimafrå, som har lovt å vise oss rundt. Det blir bra. Og etter nåkre dagar i London, som eg regner med vert ganske hektiske, skal vi slappe av i Bath, ein betraktelig mindre by... Det vert nok godt. Og så skal vi også møte ei tysk jente som bor i Cardiff for tida og som vi vart kjent med før jul, det gleda eg meg også til! Som sagt, mykje godt i sikte! Lova å kome med oppdatering av turen når eg kjem heim om litt over ei veke!!

Sunday, March 18, 2007

St.Patrick's Day!

I går var det St.Patrick's Day! Det er ein irsk tradisjon å feire denne dagen, og pga. mine irske kontakter i dansemiljøet var vi invitert på feiring til Helen. Litt skummelt var det no, for som Kristian sa "blir det sånn voksenfest?" Og det vart det... Men hadde det superduper kjekt begge to! Sjølv om vi var yngst, og eigentleg ikkje hadde peiling på kva vi feira so vart vi tatt godt imot. Mat og drikke, ballonga og danserom og "bål" i hagen. Veldi kjekt!!


Her eit bilde av Kristian, meg og Clare på vei heim litt seint på natta...

Legg merke til dei fine hattane og mine grøne "solbrille" for anledninga....


Saturday, March 17, 2007

Hunting high and low....

det er det eg har gjort i det siste... opplevde nemlig eit aldri så lite BH-mytteri her nettopp!! Fyrst gjekk ein BH i bosse, ok, den hadde vore i tjeneste ei stund, så det var kanskje ikkje så rart at den rett og slett ga opp. Så uten meir snikksnakk var den kassert. MEN så bestemte plutseleg endå ein BH seg for å ta the easy way out... Den knakk!! Rett og slett! OG det var lite behageleg å gå med, så då satt eg der plutselig, to BH-a fattigare, og det var eigentleg eit drastisk innhugg i BH-beholdninga mi! Så derfor har eg dei siste dagane vore på jakt for å skaffe nye spreke BH-a. Men trass i iherdig innsats og jakt i fleire butikka så har eg ikkje kjøpt ein einaste ein... Alle BH-a i dette landet er heilt rare! (det er iallfall ingen ting med meg å gjere.. eller, begynner nesten å lure). Det var ikkje akkurat til hjelp at eg eigentleg også burde kjøpe ein ny bikini... Trur ikkje eg bør begynne å leggge ut mine frustrasjona på den fronten eigentleg...

Men no har eg berre gitt opp, treng litt tid for å mobilisere nye jakt-krefter. Og i mellomtida har eg ei oppgave å skrive til fredag, ein St.Patric-fest i morgon, og ein Faithless-konsert på mandag...

Sunday, March 11, 2007

Endå meir besøk! Wee!

Helga er over, og eg er som alltid VELDIG glad for at eg har fri på mandag!! Det er kjekt det! På torsdag forvilla Anne-Britt seg innpå eit jet2-fly som tilfeldigvis skulle til Newcastle!! Det var ikkje nokon lur idé, for her borte venta nordavinden frå alle kanter og "tvangskultivering"! Neida, vi hadde ei kjempefine helg! På torsdag var vi på International Grand Festival der ein haug med amatøra (bokstavelig talt) hadde fått føre seg at vi alle ville sjå kor flinke dei var å danse og synge... Heller ein midt på treet kulturell oppleving, då ingen av dei hadde lært seg verdien av å smile på scena. Men swing-society gjorde det bra heldigvis, og redda kvelden. Så var det ein tur på bar, Anne-Britt prøvde hardt å holde seg til vin, men presset vart for stort... Bra dag.

På fredag starta vi dagen med litt shopping, før Anne-Britt vart tvinga med på ei forelesning. Dessverre var det kanskje den kjedeligste forelesinga på lenge, og trur Anne-Britt syns det vart litt lenge å høyre på ei italiensk dame snakke på engelsk om "the concept of bombing" før og under andre verdenskrig i ein heile time... Og ting vart ikkje betre med ein engelsk lunsj (chips and beans). Hehe... Vidare vart det meir shopping før vi rusla heim igjen. På kvelden spaserte vi til Gosforth og åt middag på ein pub der. Anne-Britt ville ikkje heilt tru at det faktisk var tilfelle at den stengte klokka 11 ein fredagskveld, men den gjorde nok det så vi tusla heim.

Laurdag var det sightseeing! Gikk ned Gray Street, såg varulv-kanina, innom Castle Keep og såg sjølvsagt Millenium Bridge! Tilogmed at den tilta!! For fyrste gong klarte vi å "time" det rett!! Ikkje verst. Så vart det tvangskultiverings-tur innom Baltic, senter for samtidskunst... Men trass i Anne-Britts ville protesta så var det vell ikkje so aller verst trur eg... Etter nok kultur vart det litt meir trasking, lunsj og endå meir shopping før ein tur på The Gate med middag og kino.

I dag tidlig reiste Anne-Britt heim, klarte faktisk å rekke flyet, sjøl om vi på flyplassen fant ut at flye gjekk ein time før vi trudde... Phuu...

KJEKT MED BESØK ja!! Kom gjerne tilbake!!