Saturday, March 24, 2007

Svisj, whæm, bæng!

OG SÅ var det på tide å reise! Denne siste veka har vore ei sånn veke som vare ei evigheit, men som går kjempefort! Etter feiringa på laurdag vart det ein heller slapp dag på søndag, men på mandag var det liv igjen! Då var eg på Faithless konsert!! Kanskje ikkje det som vert assosiert med meg, men ikkje dumt å utvide horisonten litt! Var iallfall veldig gøy! Irsk folkedans på tirsdag, og på onsdag var det ut saman med International Society som vanlig. Torsdag var det siste innspurt med oppgave som vart levert inn fredag (i dag. Evt. i går.... Uansett: PÅSKEFERIE). Og no etter (endå) ein avskjedsfest sit eg her sånn ca. ferdigpakka og skal reise med tog til London om nokren tima(om 6 tima bør eg vere på toget). Veldi uvirkeleg! Har ikkje fått planlagt nokon ting! Heldigvis skal vi bo hos Jeanette, heimafrå, som har lovt å vise oss rundt. Det blir bra. Og etter nåkre dagar i London, som eg regner med vert ganske hektiske, skal vi slappe av i Bath, ein betraktelig mindre by... Det vert nok godt. Og så skal vi også møte ei tysk jente som bor i Cardiff for tida og som vi vart kjent med før jul, det gleda eg meg også til! Som sagt, mykje godt i sikte! Lova å kome med oppdatering av turen når eg kjem heim om litt over ei veke!!

No comments: