Saturday, March 17, 2007

Hunting high and low....

det er det eg har gjort i det siste... opplevde nemlig eit aldri så lite BH-mytteri her nettopp!! Fyrst gjekk ein BH i bosse, ok, den hadde vore i tjeneste ei stund, så det var kanskje ikkje så rart at den rett og slett ga opp. Så uten meir snikksnakk var den kassert. MEN så bestemte plutseleg endå ein BH seg for å ta the easy way out... Den knakk!! Rett og slett! OG det var lite behageleg å gå med, så då satt eg der plutselig, to BH-a fattigare, og det var eigentleg eit drastisk innhugg i BH-beholdninga mi! Så derfor har eg dei siste dagane vore på jakt for å skaffe nye spreke BH-a. Men trass i iherdig innsats og jakt i fleire butikka så har eg ikkje kjøpt ein einaste ein... Alle BH-a i dette landet er heilt rare! (det er iallfall ingen ting med meg å gjere.. eller, begynner nesten å lure). Det var ikkje akkurat til hjelp at eg eigentleg også burde kjøpe ein ny bikini... Trur ikkje eg bør begynne å leggge ut mine frustrasjona på den fronten eigentleg...

Men no har eg berre gitt opp, treng litt tid for å mobilisere nye jakt-krefter. Og i mellomtida har eg ei oppgave å skrive til fredag, ein St.Patric-fest i morgon, og ein Faithless-konsert på mandag...

No comments: