Wednesday, April 04, 2007

VÅR!!!

Kvar vår vert eg like overraska over kor glad eg vert når våren kjem!! Heldigvis gløymer eg kvar vinter kor stor ein sommarperson eg egentlig er!! Så no når dagane vert lenger og lenger, og det faktisk har vore sol og fint veir ganske mykje i det siste, OG eg har i tillegg ferie så er livet bra.

På søndag kom vi heim etter 8 dagar på tur. Starta ut med 4 dagar i London. Der bodde vi med Jeanette som tok godt imot oss, tok oss med rundt i byen og på vill "gambling" me 2p-penga (20-25-øre-penga)... Kjekt! Når ho var på jobb fikk vi "turistert" oss mykje, gjekk og gjekk og gjekk. Var på Imperial War Museum, Madame Tussauds, Tate Modern, St. Paul's og endå litt til. Så når vi satte oss på bussen til Bath på onsdag var det veldig godt. Det var tempoet ein del roligare. Bath viste seg å vere ein kjempefine by å vandre rundt i, så vi spaserte rundt i fineveire! Var sjølvsagt innom det romerske badet, der vi fikk smake det sunne vatnet som smakte forferdelig! Eller, det verste var vell at det var varmt, og fullt av mineral slik at det smakte jern... MmmMMmm... Men Bath er ikkje så stort, så vi kom oss avgårde på ein tur til Stonehenge og Avebury Stonecircle, og litt andre utkantstrøk i området. Og så har vi prøvt "dowsing"!! (Søk på Wikipedia dersom du ser ut som eit spørsmålstegn no:)) Det var kult det! Alt i alt så har eg brukt hårreisande mykje peng, men har hatt ein strålande tur! Kjekt å sjå litt andre delar av England og møte gamle kjente igjen!

Då eg kom heim til Newcastle var eg rimelig trøtt, og dei siste dagane har eg eigentlig brukt på å slappe av. Deilig! Men i morgon kjem Roar på besøk! Og då vert det meir trasking tenker eg!

God påske alle sammen!!

2 comments:

romanita said...

hei beathe... fint å høre om reise din og jeg hadde noen minuter å oversette "gjekk" i hodet mitt ,)
heiii... du må få veldig fine påske dagene med Roar - du må hilsen han fra meg :)

stoor påske klem fra meg, romana

Beathe said...

Hei du! Kjekt at du kika innom! Beklager at det vart litt vanskelig med språket på bloggen min, men litt utfordring er bra!;) I morgon går turen til Edinburgh! Kun en kort tur, men trur det blir gøy! Ha det fint! Klem