Og dermed kom eg meg faktisk på skulen i rimelig tid! Etter å ha ordna ting eg skulle ha ordna lenge, levert ein sekk, OG kjøpt ei julegave var eg på biblioteket kl.11! Ganske tidleg på ein fredag for meg det når eg eigentleg har fri, OG sida eg er eit utprega nattedyr (i tilfelle nokon ikkje visste det...)! Og når eg faktisk i tillegg satt der til nesten 5 så føler eg at eg har fortjent ein frikveld no i kveld:)OG ein tur til Durham i morgon (Durham er ein veldig fin liten by!)!!
Men det eg eigentleg skulle fortelle om er GLOW! For tida er det Winter Festival i Newcastle! Og blant anna har dei eit opplegg som heiter GLOW!

Det er ei "lysløype" i byen, dei har laga ei rute der dei langsmed har lyst opp mange hus, underganger, bruer osv. i fleire fargar, og der dei i tillegg har plassert ymse kunstneriske greier/"uttrykk"... Det var kjempekult! Og opptil fleire gongar fant vi vegar som gjorde at vi sa "åh, er vi her no!" Og i tillegg skulle vi finne varulvkaniner! Dei var overalt! OG vi fekk ROSA glowstick!!;)
1 comment:
Oooo! Så kult! Jeg og vil!
Er det sånn fin glowy glowy utstilling/ varulvkaninjakt/ ting-tang/ lysløype der når jeg/ vi kommer på besøk også?! (englefjes..) :)
Post a Comment