Tuesday, January 23, 2007

ENDELIG NO…

-har eg ferie!!! Nesten ei veke fri, det er veldig deilig! I dag for eksempel var mitt einaste mål å gå på butikken. Og det har eg gjort. Flink ja!

Ei aldri så lita oppdatering: Før jul hadde vi kjempehyggelig besøk frå Noreg!! Det var stas! Det var kjekt å ha litt kvalitetstid med gamle kjente! Vi brukte tida på å ete, drikke, shoppe og litt sightseeing, akkurat sånn det skal vere. Og med litt samarbeid kom vi oss faktisk alle saman til Noreg uten å betale overvekt med Ryanair (15kg er veldig lite)! Ikkje verst…

Jula feira eg som vanlig på Sunnmøre, og som vanlig var det store mengder mat involvert. Kos å sjå familia igjen, som vanlig, og akkurat som vanlig so var det godt å reise der ifrå også… So det kan vell kallast ei tradisjonsrik jul?;)

Etter nokre daga i Drammen etter nyttår reiste vi tilbake til Newcastle. Og då var det berre å sette seg ned å studere. Alle oppgåvene som eg ikkje hadde gjort stod i kø, så etter det har eg faktisk ikkje hatt eit sosialt liv! Iallfall ikkje utanfor Flat 21…:) Med eit unntak då sjølvsagt, 13.januar feira eg min store 25-års dag! Det skjedde saman med ei fransk jente som hadde bursdag rett før. Veldig kjekt!! Bra dag. Må forresten berre skryte av mi fantastisk gode døgnrytme! Eg har vorte ein dagstudent! Og eg har sove på natta!! Sjølvsagt med eit par unntak rett før innleveringane, men likevel! Imponerande sant? Sikkert fordi eg har vorte 25 år… Eller kanskje fordi Kristian har positiv innflytelse på meg?

MEN no er eg altså ferdig med semester 1, ein million bøker er levert tilbake til biblioteket og eg har ein haug med ting eg har lyst til å gjere!! Vil sove, shoppe, slække, stæsje og ikkje minst sosialisere meg, veit ikkje om ei veke er nok…

2 comments:

romanita said...

Hei beathe… så, nå har jeg fant ut, hva du gjorde på dagen DIN ,o)

så fint at du er tilbake på bloggen. et sted som jeg likker å går imellom når jeg har 5 minuter pausa på jobben ,o) ((også på din blogg, vibeke ,o))

du må få en hyggelig uka og mange fine shopping turer! koooooos deg.

stooor klemmer, romana

Vibber`n i Farta said...

Heisann!
Har visst blitt lite kommentering på meg i det siste -ikke så mye tid å kaste bort på internett nå som jeg er flittig (...?!) student som da jeg hadde den særdeles interessante jobben.. Men fint å se at du er toback både med blogging og med livet i Newcastle! :) Lykke til med det nye semesteret og hotellvirksomheten!
Stor klem fra Vibi! :D