Sunday, May 13, 2007

Ukulele!

Høyrest ut som et skjellsord sant? Eller eit tulleord... Og det er ein merkelig ting også da: ein bitteliten gitar! Og i går kveld, etter å ha vore på ein dagstur med Int.Soc nordover, med masse trasking og masse bildetaking, som varte til klokka 7, så klarte eg å overtale Kristian til å bli med meg å møte nokren dansefolk som skulle på ukulele-"ting"! Gjengen hadde vore på Metro-pubcrawl (ta metroen ein stopp, gå på bar, drikke ein drink, ta metroen litt til, gå på bar, osv...) sidan klokka 11 på dagen, det var ein avskjed til Helen som skal reise til Irland, og siste stopp var altså ein liten, veldig lokal, shabby pub i eit Newcastle utkantstrøk, der Julie, ei av "dansefolka", skulle spele ukulele på kvelden. Og dit kom eg og Kristian. Det må eg sei var rimeleg spesielt. Ein haug med folk, i ei andre-etasje på ein pub, med masse folk i alle aldre og ei gruppe på over 20 folk som spelte ukulele. Og ein tjukk mann med ei fantastisk stemme! Å masse gamle sanger som ein kun kan refrenget på!!:) Trur faktisk av alt eg hadde sett den dagen så var det nok den rare kvelden eg kjem til å hugse best! Trass i , eller kanskje på grunn av, at eg sjølvsagt ikkje hadde med kamera...

2 comments:

Vibber`n i Farta said...

Oioioi!
Dette må helt klart være noe av det artigste jeg har lest på lenge! Også ukulele! Hihiii! Tror aldri jeg har sett "ei gruppe på over 20 folk som spelte ukulele" -må ha vært litt av et syn.. Vil også på ukulele-ting! OG Metro-pubcrawl..! Og.. Vel, sannheten er vel at jeg rett og slett vil det emste annet enn å sitte her og liksomlese dikt fra 1600-tallet..! enn du? ;)

Beathe said...

Jupp, va definitivt ei oppleving ta dei sjeldne!! Du skolle ha vore her:)
Oi da, liksomlese dikt høyrest kjipt ut... faktisk veldi kjedeli... Dikt e alletide fæle greier! Ej lese spennande ting om døden, probleme e bære at ej sikekrt burde lest på litt andre ting enn KUN det da... Ska tru kordan det går på mandag:)
Sikkert strålande:)