Monday, November 27, 2006

Mandag...

I dag er det mandag, har skikkelig mandagsfølelse, alt som eg bør gjere ligg tungt på skuldrane. I tillegg har eg brukt dagen til noko så unyttig som å sove. Heilt til kl 12 faktisk. Nesten 12 timars søvn. Å likevel var augene svært så smale då eg spiste frokostlunsjmiddag (frokost -sidan det var dagens fyrste måltid, lunsj -sidan det var i lunsj-tider, middag -sidan det er ganske kraftige lunsjporsjona her borte) saman med Kristian i 13-tida...

Grunnen til det her er nok turen til Glasgow i helga!! Hadde svært få forhåpningar på førehand, i og med at alle mine nettsøk etter interessante ting å finne på i Glasgow ga dårlig resultat. Men trass i dette så var det eigentleg ei strålande helg! Nåkre nedturar sånn som dårlig vær på laurdag, og ikkje minst at eg ikkje fikk sjå det eine bilete som eg hadde gleda meg til å sjå, var det sjølvsagt, men for det meste var det veldig bra! Fantastisk å unngå slitsomme skuletanka! Kjekt å ikkje lage middag! Og ikkje minst kjekt å sjå litt andre ting! Blant anna tok vi turen til Falkirk for å sjå på Falkirk Wheel, ei slags heis for kanalbåtar frå ein kanal til ein anna. Der "blenda" vi inn me pensjonistane som lo av alt guiden sa... Kjekt! I tillegg var vi på besøk på eit skip som bor i Glasgow, var på opptil fleire museum og utstillingar, og rakk litt shopping på toppen av det heile. Nattelivet såg vi nok lite av, då etter dagens springing var det egentlig ikkje så veldig fristande... Vi var nok meir opptatt av ein middag, gjerne med påfølgande dessert (har ete verdens beste sjokoladekake!!!), og litt "slæpp off" tid foran TV-en. TV-kikking har som kjent vorte luksus for oss no...

MEN no er det tilbake til kvardagen, heldigvis har eg besøk å sjå fram til i desember!!

No comments: