Sunday, March 11, 2007

Endå meir besøk! Wee!

Helga er over, og eg er som alltid VELDIG glad for at eg har fri på mandag!! Det er kjekt det! På torsdag forvilla Anne-Britt seg innpå eit jet2-fly som tilfeldigvis skulle til Newcastle!! Det var ikkje nokon lur idé, for her borte venta nordavinden frå alle kanter og "tvangskultivering"! Neida, vi hadde ei kjempefine helg! På torsdag var vi på International Grand Festival der ein haug med amatøra (bokstavelig talt) hadde fått føre seg at vi alle ville sjå kor flinke dei var å danse og synge... Heller ein midt på treet kulturell oppleving, då ingen av dei hadde lært seg verdien av å smile på scena. Men swing-society gjorde det bra heldigvis, og redda kvelden. Så var det ein tur på bar, Anne-Britt prøvde hardt å holde seg til vin, men presset vart for stort... Bra dag.

På fredag starta vi dagen med litt shopping, før Anne-Britt vart tvinga med på ei forelesning. Dessverre var det kanskje den kjedeligste forelesinga på lenge, og trur Anne-Britt syns det vart litt lenge å høyre på ei italiensk dame snakke på engelsk om "the concept of bombing" før og under andre verdenskrig i ein heile time... Og ting vart ikkje betre med ein engelsk lunsj (chips and beans). Hehe... Vidare vart det meir shopping før vi rusla heim igjen. På kvelden spaserte vi til Gosforth og åt middag på ein pub der. Anne-Britt ville ikkje heilt tru at det faktisk var tilfelle at den stengte klokka 11 ein fredagskveld, men den gjorde nok det så vi tusla heim.

Laurdag var det sightseeing! Gikk ned Gray Street, såg varulv-kanina, innom Castle Keep og såg sjølvsagt Millenium Bridge! Tilogmed at den tilta!! For fyrste gong klarte vi å "time" det rett!! Ikkje verst. Så vart det tvangskultiverings-tur innom Baltic, senter for samtidskunst... Men trass i Anne-Britts ville protesta så var det vell ikkje so aller verst trur eg... Etter nok kultur vart det litt meir trasking, lunsj og endå meir shopping før ein tur på The Gate med middag og kino.

I dag tidlig reiste Anne-Britt heim, klarte faktisk å rekke flyet, sjøl om vi på flyplassen fant ut at flye gjekk ein time før vi trudde... Phuu...

KJEKT MED BESØK ja!! Kom gjerne tilbake!!

1 comment:

Vibber`n i Farta said...

Ah,jeg elsker når folk oppdaterer bloggen sin! En perfekt anlednign og unnskyldnign for å utsette skriving av oppgave en allerede har utsatt mer enn lenge nok -enda litt til... :)

Hørtes kjempekoselig ut med besøk, da" Og litt kulturtvang er alltid bra! Kommer ikke over at dere faktisk fikk med dere tiltinga til brua! Medunnelig..! Litt pænnikk med det flyet -bra hun rakk det..! Ellers måtte hun vel bare blitt litt lenger, så trist ;)